hurtigmeny Ta meg rett til:

SCC VWNorge VWACB Unneberg Vdub2you VW Veteran

I'd rather push a Volkswagen than drive a hot-rod..

bottom corner

16.06.2008

Hei, og velkommen til min "blog" rundt mine luftkjølte individ.

Bestemte meg ein gang for lenge sidan at Boble var bilen for meg, og dette fekk eg foreldra mine med på. Min første bil var ein 1968 VW 1500 Automatic. Denne bilen var diverre så rusten at livet ikkje sto til å redde, men ein spire var sådd - om enn i meget grunn jord. Det neste kjøpet blei ein 1974 1300S Automatic, grønn - og minst like rusten som den første, skulle det vise seg. I tillegg var girkassen i slarkete stand, men med ein far som kunne både sveise og skru, så blei det ordning på det! Ny bunn blei sveisa inn, og så solgte eg den til ein fyr som skar taket av den - og skrota den. Hadde eg berre hugsa namnet hans, så skulle han fått dabb..

Etter dette gjekk det i mykje vannsøl, før eg kjøpte min 3. VW, ein 1967 1300, ass up, nose down, breidda originalfelgar lakka i samme farge som bilen, sota ruter, sportsseter, null teppesett og endelig med manuell girkasse. Men heller ikkje denne bilen blei lenge i mitt eige, då den første eigaren fekk nyss i at eg hadde den, og gjerne ville kjøpe den tilbake. Det fekk han, gitt.. Etter at eg hadde "skubba" eit postkassestativ over ende med den på vinterføre - med utslitte sommardekk.

Så gjekk det mange år. Eg blei utdanna, eg blei lånekunde, eg blei huseigar, eg blei far, eg blei tobarnsfar.. Men tanken på ein luftkjølt hadde aldri slept taket. Og kva er vel viktigare enn å vere ein god rollemodell for sine barn? Så ungar, ta vare på det gamle, det vere seg foreldre, gamle VW's, brunost eller Playboy-utgåver frå det golde 90-tal! Som tenkt, så gjort - eg starta jakta på min luftkjølte nr. 4 - Magda. Les meir om jakta på kjærligheten på sida til Magda!

Men det er vel eingang slik at mange vil ha meir, og det gjeld vel meg óg. Så når eg ei sein natt oppdaga ein Type2 T2 til sals, var det berre å kaste seg rundt. Valgerd kan du lese meir om på hennar side!

I mellom Magda og Valgerd, kjøpte eg ei boble i Stryn. Rett og slett fordi det var så innihampen lenge til bussen skulle gå tilbake til Breim.. Denne har no fått ein ny heim hos naboen.

Stemningsbilete frå Breimsvatnet ein vårkveld.

bottom corner